Det er mulig dere har sett meg på TV, eller hørt stemmen min på radio i det siste. Dette da 1.November var eg gjest hos NrK, for å snakke om mit engasjement som frivillig for Movember Norge. Eg har kun vert «Mo Bro» 2 år no. Så eg er ganske ny med tanke på dette med Movember, men eg har i over 10 år gått med bart. Den har for så vidt sin egen litle historie som eg kommer tilbake til, om de er tolmodig nok til å lese heile innlegget mit.
På tidleg ’10 tal var det borgarkrig i Libya, Ghaddafi hadde falt og landet meir eller mindre i kaos. Eg jobba på den tiden på reis i oljeindustrien, og vart sendt mot min vilje, og mot min betre vurdering til Libya for eit oppdrag. Då eg gjekk av flyet i Tripoli venta ein agent på meg. Han var iført ein sliten t-skjorte med kundens logo, slitne dongeribukser, sandalar, og færre tær på begge føtene enn eg har fingre på ein hand, han smilte, tannlaust. Over aksla hang ein AK-47, og i nevane hadde han ei papp plate med namnet på firmaet eg jobba for skrive med raud tusj. Det såg ut som om det var skrive av ein unge i barnehagen med ein ‘R’ feil vei etc. Det var nesten sjarmerande. Nølande ringde eg til kontakten og fekk bekrefta at dette var rette mann. Dei to hadde ein samtale ved hjelp av min mobil, så gjekk vi i bilen. Ein bil med to tempo: 0 og 100 km/t. Vi susa gjennom Tripoli by og stoppa att med det som såg ut som ein steinrøys, han peika på det og sa med gebrokken engelsk:
«This used to be Ghaddafi house».
Eg viste ikkje heilt kva eg skulle sei til dette, så med litt sarkasme i stemmen lente eg meg over rifla som låg mellom setene og såg ut vindauget og sa
«Treng eit strøk maling.»
Vi var raskt fremme ved eit hotell, og eg sjekka inn. Av mannen i resepsjonen fekk eg
beskjed, ut døra til høgre kan du gå maks 200 eter, der vert du drepen. Det same til venstre, men av andre folk. Parken på andre sidan av gata bør du også unngå av same grunn.
«Kva kan eg gjer då?»
Eg fekk beskjed om at eg kunne sitta på trappa med ein kopp kaffi, og nyta kva eg ville frå buffeen. Buffeen bestod av assorterte bakverk som alt såg ut til å ha rosiner, men då eg prøvde å ta ein var rosinene i lufta og leita etter andre plasser å sitte. Etter ein kopp kaffi gjekk eg på rommet, prøvde å sjekke mailer, og ringe til familien. Då nettverket var direkte ustabilt fekk eg kun ei kort samtale med mi kone før verden igjen var kun hotellet eg sat i. Med så lite å gjer, la eg meg tidleg for å ver klar neste morgon. Då det var mørkt vart eg vekka av støy som høyrte ut som fyrverkeri for ein groggy nordmann, eg gjekk til vindauget og såg ut. Eg sov i 2. etasje og mindre enn 30 eter frå meg var det kamper i gata.
Då det gjekk opp for meg kva som hende la eg meg flat, og trakk madrassen over meg. Der prøvde eg å ringe til min arbeidsgivar, men fekk lite signal og om eg kom gjennom var det kun ein telefonsvarar.
På eit tidspunkt må eg ha sovna eller slokna, neste minne er at eg vakna i panikk og mesta knuste telefonen for å få den til å bli stille.
Eg kraup stille inn på badet, dusja og gjorde meg klar. Utan å ha klart å få kontakt var einaste vegen vekk å reise offshore. Etter dette var eg offshore og gjorde jobben eg skulle gjer, og fekk beskjed av ein av dei lokale.
«Slapp heilt av, ingen ville skutt deg. Dei veit du er her for å hjelpe bedrifter.»
På vegen heim, måtte eg bu ei natt på land. På same hotell, i same rom. Eine vindauget var dekka til av finerplate. «Det skjedde under ein krangel i gatene for nokre veker si». Den natta eg sov der før eg reiste offshore.
Etter eg kom heim, ba eg om debriefing, og leverte dokumentasjon som inkluderte
informasjon om det som hendte den natta. Alt dette falt for døve øyre, for jobben var gjort det var det viktige. Etter 6 månader med kontinuerlig bøn om å ha ein debrief, fekk eg beskjed om
«Det er mange jobber siden det hende, ingen hugsar kva som hende den turen, hold kjeft om den debriefingen, og om dei rapportene som du påstår ikkje stemmer med teksten du sjølv skreiv.»
Frå den turen og frem til 2019 krangla eg om å få hjelp, eg forsvann lengre inn i meg sjølv. Eg sleit med søvn, eg sleit med tillit, eg følte meg aldri trygg. Mareritt og på trengande minner om hjelpelausheit, og folk som drap kvarandre forran augne mine. Eg vart redd for å sova, og til tider jobba eg dagar i strekk utan ordentleg søvn. Til tider kjøpte eg sprit, flaskevis med sprit. Hadde eg fri neste dag, kunne eg finne på å ta knekken på ei flaske for å slukne, og tvinge meg sjølv i søvn på den måten. Tanken på å sleppe smertene av å ver heimsøkt av dette tvang seg meir og meir på, og meir enn ein gong tenkte eg at verden ville ver betre utan meg, og at om eg ikkje var meir ville eg ikkjekjenne disse smertene. Eg lufta dette meir og meir sporadisk for bedriftshelsetenesten, for dei kjempa for å få midlar til å sende meg til psykolog.
Sommaren 2019 vart eg endeleg høyrd, og eg vart sendt til terapi. Diagnosen PTSS (Post Traumatisk Stress Syndrom) eller PTSD som me kjenner det betre var stilt før året var omme. Etter den kampen, og etter at arbeidsgivar og kollegar kalla meg pyse, pingle, sytunge mm hadde eg dårleg sjølvbilete, og null sjølv verd. Men gjennom terapi og god støtte frå familie og bedrifttshelsetenesten bygde eg meg sjølv opp til sterkt nok sjølvbilete til å melde meg på Norges Beste Skjegg 2022 (NM i skjegg). Eg deltok i klassen for “Mustasje”, og var heldig nok til å vinne. Ein sjølvtillitsboost eg aldri hadde sett for meg.

Då bestemte eg meg for å prøve å samle til Movemberaksjonen for første gong. Eg vart også kjent med nokre av dei trivelegaste og mest hjelpsame vennane eg har kjent på lenge den kvelden. Målet mit var å samle 2500 kr til Movember, eg klara å samle inn 1000 kr. For meg var dette som å ha klart målet 20 gangar og litt til. Folk donerte til noko eg arbeide med. Folk donerte til ein sak eg la frem. Dette gav meirsmak, og bygde sjølvbildet meir.
På våren 2023 i samråd med psykologspesialist vart min terapi avslutta. Kognitiv terapi, EMDR terapi, og aktiv utprøving av verktøy opparbeida gjennom terapi gjorde at vi var einige om ateg er i stand til å klare kvardagen betre sjølv enn på mange år. I juni, deltok eg i VM i skjegg i Burghausen, Tyskland. Der var eg heldig nok til å ta 3. plass i klasse for Engelsk Mustasje. Igjen bygde eg mit sosiale nettverk med nye vennar, og kjende, noko som igjen bygde opp sjølvbilete og verdien i meg sjølv. Nok ein boost av sjølvtillit og sjølvbilete.
I juni deltok eg også i «Push for better» aksjonen som er frå Australia, og som arbeider med å samle penger og informere om sjølvmordstrenden i Australia. Ein prøver å samle sponsorar, og ta ein armheving pr sjølvmord i Australia eit gitt år.
I år deltar eg i Movember aktivt for andre år, målet er igjen 2500, og i skrivande stund har eg passert det eg klara å samle inn i 2022. Eg håper at eg klarer å samle ytterlegare midlar til denne saken før månaden er omme, håper også at ved å dele denne delen av meg sjølv at det opnar for andre å dele og strekke ut ein hand. Å be om hjelp var det tyngste eg nokon gong har gjort, men også det viktigaste.

HISTORIA OM MIN MUSTASJE
I 2014 var eg på oppdrag i Nagasaki, og budde utfor allfarveg utfor bykjernen. Eg hadde glømt å ha med saks, barberhøvel, etc. Mine kunnskaper var, og er ikkje god nok til å kommunisere slike behov. Etter nokre dagar med å være lei av å gnage på barten ved kvart måltid, fann eg i ei butikkhylle ei lita sampler med hårvoks. Eg prøvde dette og forma barten bort frå munnen, i ein flott stil.
Etter det har stylet mustasje vert ein del av mit ansikt, og si kona mi likte dette, og fortsett å like dette.. då blir det verande. Ho har vert med meg gjennom heile dette, og har sjølv vert i terapi for å betre hjelpe meg og seg sjølv med å takle å ver gift med ein som slit psykisk. Eit fantastisk menneske, og ho ønskjer å delta i «whiskerina» (dame med falsk skjegg / mustasj) klasser i skjeggkonkurransar der eg deltar.
Til neste sommar utfor Oslo, under Midtgard Skjeggfestival, og kanskje til og med neste VM. Vi er begge påmeldt Midtgard konkurransen, og gleder oss til å møte venner, og bli kjend med nye venner der.